Brukaravtale og personvernerklæring
Brukaravtale
For å delta på Sommarles.no må føresette lese og godkjenne denne avtalen. Dette er ein avtale med det biblioteket som brukaren din er knytt opp til på Sommarles. Bibliotek-tilknyting blir valt ved registrering. Avtalen fortel deg om dine rettar, korleis vi bruker dine personopplysningar og kva vi lagrar på din konto.
Om du ikkje godtar denne avtalen, kan du ikkje delta på Sommarles. Om du har spørsmål om denne avtalen, kan du ta kontakt.
Moderering av innhald
Vi godtar ikke støytande eller upassande innhald frå brukarar på Sommarles. Alt innhald vil bli godkjent av administratorar. Dersom kommentarar eller bøker blir avslåtte, får du høve til å endre eller slette boka eller kommentaren.
Ved mistanke om juks, kan brukaren få ei åtvaring og risikere å bli utestengd frå å delta på Sommarles. Det er berre lov å registrere bøker ein har lese i perioden 1. juni til 31. august.
Vi anbefaler at du bruker eit anonymt brukarnamn som ikkje liknar på det ordentlege namnet ditt. Brukarnamnet ditt vil bli synleg for andre brukarar, om du ikkje vel å ha skjult profil. Du kan alltid endre brukarnamn på «Endre konto»-sida.
Bokdata på Sommarles er levert av Biblioteksentralen. Denne databasen blir oppdatert dagleg, og er automatisk filtrert og tilpassa Sommarles, men det kan dessverre likevel førekomme upassande innhald.
Personvernerklæring
Uttrykk:- Administrator en ein bibliotekar eller tilsett ved deltakande bibliotek eller fylkesbibliotek.
- Kampanjeperioden er i tidsrommet frå 1. juni til 31. august.
Kva personopplysningar lagrar vi
Vi treng personopplysningane for å kunne identifisere deg, dele ut premiar, tilpasse vanskegraden, følge med på statistikk og administrere lesekampanjen.
Når du deltar på Sommarles, fyller du sjølv ut følgande personopplysningar: Brukarnamn, e-post til føresette, namnet ditt, bibliotek-tilknyting, lånenummer, kjønn, klassetrinn og “hashet”-passord (avtrykksalgoritme, ein krypteringsmetode, slik at ingen får tilgang til ditt passord).
Annan informasjon som blir lagra på din konto er: Kva bøker du les, tal på sider og kva du synest om boka, meldingar mellom deg og administratorar, dine venner, svar på spørjeundersøkingar, poeng/level, oppnådde digitale trofé, premiar henta på biblioteket, oppgåvesvar/resultat frå spel, kapittel lesne i Sommarlesforteljinga, kontoinnstillingar (f.eks. val av skjult konto, val i forhold til å delta i forsking, språkval og liknande) og tidsstempel for aktivitetar, siste besøk og brukarregistrering.
Når du bruker Sommarles blir noko informasjon lagra automatisk. Dette er informasjonskapslar (“cookies”), slik at våre tenester kan gjenkjenne deg, halde deg innlogga på nettsida og føre statistikk på korleis nettsida blir brukt. Informasjonskapslar blir lagra av følgande partar: Sommarles (halde deg pålogga) og Cloudflare (Cloudflare er en mellomtenar mellom deg og våre serverar for å gjere serverane trygge og nettsida kjappare å laste inn). Ønsker du å slette informasjonskapslar (cookies), kan du lese meir om korleis du gjer det her.
Den automatiske informasjonen som blir lagra av Cloudflare er informasjon som ip-adresse, nettlesarinformasjon, einingsnamn, operativsystem og navigasjonsmønster.
Kva vi gjer med informasjonen vi samlar inn
Vi bruker informasjonen vi samlar inn for å lage ei god teneste og oppleving for deg på Sommarles. For å gjere det, kontrollerer administratorar (bibliotekarar) innhaldet brukarane legg inn på Sommarles for ufint språk og fusking. Vi lagar samla statistikk for å vise fram kva bøker som er populære og lage tilpassa leseforslag. Vi bruker også statistikk og spørjeundersøkingar for å finne ut kva som fungerer godt og korleis vi kan vidareutvikle Sommarles.
Administratorane har høve til å korrigere personopplysningar med samtykke frå deg. Administratorane kan sjå samla statistikk for kampanjen, for å vurdere kor godt marknadsføringstiltak har fungert og til å evaluere kampanjen.
Alle klassetrinn har tilpassa lesenivå, slik at Sommarles skal vere tilgjengeleg for alle lesarar. I starten er det lett å komme opp i level på Sommarles, men det blir gradvis vanskelegare. På denne måten får både sterke lesarar og dei med lesevanskar, ei god oppleving på Sommarles. Poengutdeling (XP), digitale trofé og quiz-oppgåver på nettsida blir tilpassa kvart klassetrinn.
Bokomtalar/kommentarar du skriv om bøker på Sommarles, kan bli brukt anonymt på biblioteket eller i promotering av Sommarles.
Alle brukarar vil få e-postar med praktisk informasjon, relatert til kampanjen og aktivitetar. Dette kan vere e-postar med velkomst til sommarles.no, nytt passord, kontoendringar, personvern og invitasjon til avslutningsfest for Sommarles. E-posten din vil ikkje bli delt med andre partar eller bli brukt til andre formål.
Din konto vil forbli lagra hos Sommarles sjølv etter at kampanjen er over, slik at du kan fortsette med same konto til neste år. Då får du også høve til å sjå bøker du har lese tidlegare år.
Kven deler vi informasjon med
Dei samla personopplysningane dine blir i sin heilskap behandla berre av administratorane på Sommarles (tilsette i deltakande bibliotek og fylkesbibliotek) og SNUTI AS (driftarane av Sommarles).
Snuti AS bruker underleverandørar for drifting av Sommarles. Alle underleverandørar har godkjende databehandlaravtalar, og kan ikkje bruke opplysningane dine til noko anna enn det som gjeld tenestene dei leverer for Sommarles.
Sommarles har nokre sosiale funksjonar ("venner"-sida) der ditt brukarnamn, registrerte bøker, bokmeldingar og trofé du oppnår, vil bli synlege for andre brukarar på Sommarles. Denne funksjonen kan bli deaktivert ved å velje "Skjul min profil" på "Endre profil"-sida.
Sommarles deler ikkje opplysningane dine med andre partar enn dei som er nemnde ovanfor. Aggregert statistikk både for kampanjen eller for enkelte bibliotek/fylke i sin heilskap, kan bli brukt til ulike formål.
Underleverandørar
Følgande underleverandørar blir nytta i drifta av Sommarles.no.
- Microsoft Azure for virtuelle serverar og backupløysningar.
- CloudFlare er ei proxy- og CDN-teneste (mellomtenar og innhaldsleveringsnettverk) som beskyttar Sommarles sine serverar.
- Twilio / Sendgrid for utsending av alle automatiserte e-postar frå Sommarles.no.
- Gmail / G Suite for administrative e-postar og kundestøtte.
Kva du kan gjere med personopplysningane dine
I kampanjeperioden har du tilgang til å endre og legge inn dine eigne personopplysningar på Sommarles, med unntak av klassetrinn, som blir låst etter at kontoen er aktivert for ein ny lesekampanje. For endring av klassetrinn må du ta kontakt, så hjelper vi deg.
Du vil ha tilgang til profilen din fram til slutten av oktober. Då blir nettsida stengd ned for året. Når dette skjer vil du ikkje lenger ha tilgang til personopplysningane dine. Data blir arkiverte og serverane blir skrudde av fram til ny lesekampanje, som startar opp 1. juni kvart år.
Dersom du ønsker at kontoen din skal bli sletta, send ein e-post til [email protected] frå same e-post som kontoen din er registrert på, og oppgi brukarnamnet du ønsker at vi skal slette.
Kor lenge personopplysningar blir lagra
Dersom kontoen din har vore inaktiv i meir enn 3 år, vil du motta eit e-postvarsel med spørsmål om du ønsker å oppretthalde kontoen din på Sommarles. Om du ikkje loggar inn på kontoen din innan éin måned etter e-postvarselet, eller tar kontakt med oss, vil kontoen din og alle personopplysningane dine bli sletta.
Dine rettar
Rett til innsyn i eigne opplysningar. Du kan be om ein kopi av alle opplysningar vi behandlar om deg. Ta kontakt på e-postadressa ovanfor for å bruke innsynsretten din.
Rett til korrigering av personopplysningar. Du har rett til å be oss rette eller supplere opplysningar som er feilaktige eller misvisande.
Retten til sletting av personopplysningar. Du har rett til å få dine personopplysningar sletta, så snart det lar seg gjere. Du kan derfor når som helst be oss slette opplysningar om deg sjølv.
Du har rett til å få utlevert dine personopplysningar i eit normalt strukturert og leseleg format. Dette kan du gjere inne på min konto (“Eksporter bokdata”).
Avgrensa bruk av personopplysningar. I nokre situasjoner kan du også be oss avgrense bruken av opplysningar om deg. Dette kan du gjere inne på min konto (som kontoopplysningar og profilvisning).
Protestere mot bruk av personopplysningar. Du har rett til å protesere på vår bruk av opplysningar om deg, med grunnlag i våre oppgåver eller på bakgrunn av ei interesseavveging.
Du kan klage på vår bruk av personopplysningar. Ta kontakt med oss dersom du meiner vi ikkje overheld reglane i personopplysningslova.
Avslutningsvis
Om du har spørsmål om informasjonen som er lagra om deg eller føler at personopplysningane dine ikkje har blitt behandla i samsvar med denne avtalen, oppfordrer vi deg til å ta kontakt med oss eller ditt lokale Sommarles-bibliotek. Ved avtalebrot har du også rett til å klage til Datatilsynet.